I snart to Stortingsperiodar har
regjeringa hevda at dei satsar på kommunane, og at dei økonomiske
tilbakeføringane har auka kraftig. Det har regjeringa berre delvis
rett i. Korrigert for reelle kostnader ved overføringar av oppgåver
og ansvar, lønsvekst, prisauke, pensjonsforpliktingar og
demografikostnader, er veksten relativt beskjeden, om ikkje negativ.
Møre og Romsdal Venstre er for meir makt til kommunane,
og finn å ville peike på den massive omfordelinga av ansvar og arbeidsoppgåver frå stat
til kommune som noko grunnleggande positivt. Det oppstår likevel eit problem når finansieringa
av omfordelinga ikkje held følgje med dei auka utgiftene kommunane får som ei følgje av dette,
med samhandlingsreforma og ansvaret for dei private barnehagane som to eksempel.
Kommunane må løyse dette dilemmaet
med å hente midlar frå andre, allereie hardt prøvde sektorar. I tillegg blir sjølvsagt også små
kommunar, til dels med færre enn 2000 innbyggarar, forventa å skulle levere same kvalitet på
tenestene som kommunar med det tidoble folketalet. Det kan ikkje gå, noko vanskane innan barnevernet i små
kommunar illustrerer, og er nok eit uheldig utslag av ansvarsoverføringa. Vi blir på dette
viset vitne til ei utarming av kommunane, både fagleg, materielt og økonomisk.
Utviklinga med ansvarsoverføring frå
stat til kommune vil halde fram. Møre og Romsdal Venstre meiner ei løysing på det veksande kommunale armodet i
kjølvatnet av denne utviklinga, vil vere større og meir robuste
kommunar, og auka grad av samarbeid for
dei som ikkje er klare til å ta eit så stort steg. Så langt finst ingen formell stimulans, anna enn
pisken reduserte rammevilkår representerer. Då blir denne prosessen, meir eller mindre, ståande
stille. Med ein rausare auke i tilbakeføringar til kommunarsom går inn i slike prosessar,
prosjektstøtte, med meir, vil etableringa av større og meir robuste einingar skyte fart. Dette vil føre
til betra økonomi ute i kommunane, betra kvalitet på tenestene og attraktive arbeidsplassar i kommunal
sektor. Dette er distriktspolitikk i praksis, og det motsette av utarming!