måndag 29. november 2010

Budsjett og økonomiplan 2011-2014

Då er vi godt i gang med budsjettarbeidet for 2011 og økonomiplan for 2012-2014! Etter presentasjonsrunden framført av avdelingsleiarane sist måndag, var det i møtet i dag klart for handsaming i formannskapet.

Eg vil byrje med å be om orsaking for at budsjettet ikkje allereie er lagt ut på kommunen sine heimesider, men på møtet i dag lova adm.sjefen å ordne dette.

Dette vart vedteke, i tillegg til/i staden for admin. si tilråding, med mine kommentarar i parentes:


Drift

Tiltak
1. Ramma til eigedomsavdelinga vert auka med 400 000,- til vedlikehald bygg og ramma til kommunalteknisk avd. med det same til vedlikehald kommunale vegar, der ein førset at tilskot til brøyting av private vegar over 1000m då blir innarbeidd i kommunalteknisk avdeling sitt budsjett (ja, takk!)
2. Vti får 200 000,- til dekning av utgifter i samband med planlegginga av plasthall på stadion (ja, takk!)
3. Ramme til PLO vert styrkt med 600 000,- Kr. 370 000,- til 80% stilling ved dagsenter-tilbodet på omsorgsenteret, og 230 000,- til stillingsheimel innan ergoterapi (nei, takk, så langt! Her arbeider eg med eit primær-framlegg som heller går på å styrkje PPT)

Finansiering:
1. Auka utbytte frå Tussa med 1 million (ja, takk!)
2. Kutt i ramma til skule med 600 000 (nei, takk!)


Investering
Tiltak:
1. Erstatning for Mork bustader blir flytta fram til 2011, med 21 mill til planlegging og ev. byggestart (ja, takk!)
2. Oppstartsløyving av fjordvarmeprosjektet med 200 000,- der ein også tek kontakt med Tussa for medverknad i det vidare arbeidet (ja, takk!)
3. Kommunalteknisk avdeling blir styrkt med 3.5 mill, med sikte på utbetring av vegen frå Rotevatn til Vassbotnen (ja, takk, men eg vil avvente forvaltningsstyret si vurdering av saka og sjå det opp mot prioriteringslista av kommunale vegar som ev. står føre Botnavegen!)

Finansiering:
1.Tilbakeførte midlar frå fylket 3.5 mill. (veginvesteringa)
2. Auka låneopptak (erst. for Mork)


Til slutt vil eg rope hurra for Øyra skule, som er sett opp med investeringar på tilsaman 34 mill dei neste 3 åra: 1 mill til planlegging i 2011 og 10+15 mill i investeringar dei to neste åra! I tillegg til hall med 8 mill naturlegvis (noko vi bygderepr. også støttar, naturlegvis....)

Verbalframlegga og framlegg som ikkje fekk fleirtal i denne omgang, vil bli refererte med det første!

torsdag 25. november 2010

Skuleskyssen i Osdalen

Skuleskyssen for Osdals-elevane vert no ,etter Venstre sitt framlegg, sendt vidare til administrasjonen for vidare handsaming der, men med ordlyden i vårt framlegg til vedtak og saksopplysningar som bakteppe for det vidare arbeidet. Slik såg det ut:

Volda formannskap viser til sak i samferdslutvalet i Møre og Romsdal, vedrørande skuleskyssen i Osdalen. Det er tale om 7 elevar frå 5.-9. klasse som har svært lang reise-og ventetid. Trass i at skulevegen ikkje er meir enn 15 km, fører organiseringa av skuleskyssen til at det tek rundt 1t og 10 min å kome seg til og frå skulen. Venting utgjer omlag 40 minutt av denne tida. Dette er ei løysing elevar og foreldre har måtte forhalde seg til i 6 år.

Grunngjevinga i svaret frå samferdsleavdelinga, til spørsmålsstillar Oddbjørn Vatne (Sp), er å vise til Udir sine vurderingar av lovgrunnlaget kring retten til skyss. Her konkluderer ein med at opplæringslova ikkje seier noko om kva som er forsvarleg reisetid, medan det i ein proposisjon frå odelstinget (nr 46, 97/98), mellom anna, heiter: ..skuleskyss må organiserast slik at elevar får ei akseptabel reisetid...I vurderinga avakseptabel reisetid må gangtid og tid med transportmidel sjåast i samanheng.

Dette tolkar samferdsleavdelinga på fylket slik at ventetida til elevane frå Osdalen kjem utanom det dei meiner er «forsvarleg reisetid», sidan ventinga skjer på skulen!

Samferdsleutvalet valde, etter desse råda, å ikkje gjere om avgjerda til samferdslesjefen 08.10.2003 og fylkesmannen si handsaming av klagen 29.12, same år.
Formannskapet i Volda meiner at samferdsleutvalet med dette legg seg på ein streng praksis av omgrepet «forsvarleg reisetid».

Framlegg til vedtak:

  1. Formannskapet bed administrasjonen snarast ta kontakt med transportør for å kartlegge kostnadane ved å få på plass ei skyssordning på linje med det som er vanleg for andre elevar ved grunnskulane i Møre og Romsdal.
  2. Adminstrasjonen kallar, før jul, saman til eit møte med samferdsleavdelinga, Ørsta kommune og transportør med sikte på å få på plass ei samarbeidsløysing som sikrar ei «forsvarleg reisetid» for elevane frå Osdalen.
  3. Administrasjonen presenterer, i løpet av januar månad, eit framlegg til løysing og finansiering for formannskapet.
Volda Venstre, Helge Hamre

måndag 15. november 2010

På plakaten denne veka!

1. Bu sak til formannskapet vedrørande skuleskyssen til elevane frå Osdalen. Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal viser til lovverket og meiner at rundt 1 time og 10 minutt er innanfor det ein i lovverket kan sjå på som "forsvarleg reisetid"!! Det er eg ikkje utan vidare samd i.

2. Bu sak til det faste planutvalet om presiseringar vedrørande vedtak gjort i utvalet i juni 2009, der ein i eit punkt nemnde sanering/kabling av dei lokale 66 og 132 kV-linene. Elles kan det sjå ut til vi har forsømt oss vedrørande linjeføringa til 420 kV-lina forbi Berget også, samt ev. allereie no antyde erstatningskrav for tap av naturkvalitetar og framtidige inntekter knytt til turisme som følgje av "monstermaster".

Ordlydane vert lagt ut etterkvart som eg kladdar, slik at den som vil kan respondere på det eg skriv :-)

søndag 14. november 2010

Vingstremannen Helge bloggar!

Jau, har du sett - no har eg jammen sett meg nøydd til å byrje å blogge òg! Som om eg ikkje hadde nok eg skulle ha gjort allereie... Kvifor i all verda skulle eg finne på å byrje med slikt? Jau, det skal eg fortelje deg.

1. Allereie før eg vart medlem  i Venstre, og vart medlem i kommunestyret og anna "styr og stell" hadde eg mykje på hjertet. Det har ikkje betra seg - heller tvert om.
2. Avisene greier å fange opp berre litt av det vi politikarane putlar med, men då helst det som er mest "futt i". Trauste saker og detaljar, som etter mitt syn er viktige for å skjøne sakene best mogeleg, blir ofte uteletne. Dette kan fort bli eit demokratisk problem.
3. Det er snart val, og eg blir stadig meir overbevist om at Venstre, eg og du kan vere eit godt alternativ til makta som i dag rår i Volda. Mange oppfattar meg som eit uromoment og ein rabulist der eg er representert - det tek eg som ein heiderstittel! Heller det, enn å bli oppfatta som eit langt gjesp av politisk korrekt framferd... Det er alt for lite futt i det politiske leiarskapet i Volda. Når høyrde du sist noko frå leiarane i driftstyret eller forvaltningstyret? Eller veit du i det heile kven dei er?