torsdag 25. november 2010

Skuleskyssen i Osdalen

Skuleskyssen for Osdals-elevane vert no ,etter Venstre sitt framlegg, sendt vidare til administrasjonen for vidare handsaming der, men med ordlyden i vårt framlegg til vedtak og saksopplysningar som bakteppe for det vidare arbeidet. Slik såg det ut:

Volda formannskap viser til sak i samferdslutvalet i Møre og Romsdal, vedrørande skuleskyssen i Osdalen. Det er tale om 7 elevar frå 5.-9. klasse som har svært lang reise-og ventetid. Trass i at skulevegen ikkje er meir enn 15 km, fører organiseringa av skuleskyssen til at det tek rundt 1t og 10 min å kome seg til og frå skulen. Venting utgjer omlag 40 minutt av denne tida. Dette er ei løysing elevar og foreldre har måtte forhalde seg til i 6 år.

Grunngjevinga i svaret frå samferdsleavdelinga, til spørsmålsstillar Oddbjørn Vatne (Sp), er å vise til Udir sine vurderingar av lovgrunnlaget kring retten til skyss. Her konkluderer ein med at opplæringslova ikkje seier noko om kva som er forsvarleg reisetid, medan det i ein proposisjon frå odelstinget (nr 46, 97/98), mellom anna, heiter: ..skuleskyss må organiserast slik at elevar får ei akseptabel reisetid...I vurderinga avakseptabel reisetid må gangtid og tid med transportmidel sjåast i samanheng.

Dette tolkar samferdsleavdelinga på fylket slik at ventetida til elevane frå Osdalen kjem utanom det dei meiner er «forsvarleg reisetid», sidan ventinga skjer på skulen!

Samferdsleutvalet valde, etter desse råda, å ikkje gjere om avgjerda til samferdslesjefen 08.10.2003 og fylkesmannen si handsaming av klagen 29.12, same år.
Formannskapet i Volda meiner at samferdsleutvalet med dette legg seg på ein streng praksis av omgrepet «forsvarleg reisetid».

Framlegg til vedtak:

  1. Formannskapet bed administrasjonen snarast ta kontakt med transportør for å kartlegge kostnadane ved å få på plass ei skyssordning på linje med det som er vanleg for andre elevar ved grunnskulane i Møre og Romsdal.
  2. Adminstrasjonen kallar, før jul, saman til eit møte med samferdsleavdelinga, Ørsta kommune og transportør med sikte på å få på plass ei samarbeidsløysing som sikrar ei «forsvarleg reisetid» for elevane frå Osdalen.
  3. Administrasjonen presenterer, i løpet av januar månad, eit framlegg til løysing og finansiering for formannskapet.
Volda Venstre, Helge Hamre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar