Eg er slik samanskrudd, at når eg kjenner på at eg uttalar meg kring/er med på å gjere vedtak i saker, utan å ha tilstrekkeleg innsikt i saksfeltet, kjennest det relativt ubehageleg. Pleie- og omsorgsavdelinga leverer kvart år varene i forhold til omfattande og detaljerte årsmeldingar, men for meg har dette hittil vore ord og tal, som no og då har fått konsekvensar i politiske vedtak, særleg i budsjett-samanheng. Eg tilstår det glatt – når det gjeld ei verkeleg forståing for avdelinga sin eigenart, så er eg heilt blank!
Samstundes har eg valt å stille meg til disposisjon som ordførarkandidat for Venstre i Volda. Då vart min konklusjon; Helge – dette går ikkje, du får snarast ta kontakt med pleie- og omsorgsavdelinga og be om å få kome og vere frivillig hjelpar nokre dagar i ferien.
Det er ei avgjerd eg er glad eg tok. Pleie- og omsorgsavdelinga svarte tvert ja, og vi vart einige om at 8.-10. august kunne passe. Dermed har eg hatt min første arbeidsdag i dag, og det har eg tenkt å blogge om no i dagane framover.
Dag 1 (måndag 8. august)
I dag har eg hatt første praksisdagen i pleie- og omsorgsavdelinga. Den starta med oppmøte på sjefens kontor (for tida Svein), med orientering om innhaldet i dei tre påfølgjande dagane, utdeling av nøkkelkort og arbeidsklede i kvitt. Deretter vart eg teken med opp til demensavdelinga, der eg skulle vere heile denne første dagen.
På demensavdelinga vart eg møtt av ein gjeng blide damer, som allereie var i full gang med morgonstell og frukost. Eg fekk straks tildelt ei høveleg arbeidsoppgåve av ein sambygding av meg, Lise, nemleg å smørje skiver til frukost. Det gjekk som ein leik, sidan det fanst eit skjema som synte kor mange halve skiver kvar enkelt skal ha, kva pålegg dei likar, om dei har diabetes, et skorper osv.
Fantastisk og veldig enkelt, sjølv for ufaglærte som meg. Bebuarane likte til og med maten og gav meg karakteren «bestått»!
Der slutta det enkle, for no skulle barrierer brytast, idet eg skulle vere med på stellet av dei siste som enno ikkje hadde stått opp. Det har eg aldri vore med på før, og var ei erfaring eg trur vil endre meg for livet. Ein kjem veldig nært inn på livet i slike situasjonar, vil eg seie. Menneskeverd, respekt, tillit og fagkunnskap er eksempel på stikkord som kjem opp i medvitet i slike samanhengar.
Tida fram til middag vart krydra med kulturell oppleving i kantina med «musicalcabaret» med Silje Aarflot og Marie Austrheim. Her var det full rigg med lyd, lys, kulisser og rekvisittar på plass. Imponerande song og spel, og bebuarane på omsorgsenteret likte det dei såg og høyrde. Eit flott tiltak!
Under middagen måtte eg nyte synet av kor flotte bebuarane på avdelinga var rundt bordet. Reine, fine klede på alle, velstelte på håret og på alle måtar elles. Det er tydeleg at dei tilsette, med sjef Sølvi i spissen, legg lista høgt for tilbodet brukarane skal oppleve! Dei får verkeleg gjort mykje på lita tid.
Eit eksempel frå middagen: medan Lise matar ein av brukarane, spør ho ein annan om vedkomande vil ha dessert, som svarar ja. I neste sekund får den som blir mata ei ny skei middagsmat, medan Lise hoppar opp og fort ordnar dessert til den andre, og er akkurat tilbake i det tugga med middagsmat er svelgd – snakkar seg om effektivitet!
Allereie under slutten på middagen byrja dei første av bebuarane å vise teikn på trong for ein middagslur. Då er prosedyren ein tur på toalettet, før dei legg seg nedpå. Her kjem igjen det som må vere ein sjukepleiar, hjelpepleiar og assistent sin beste hjelpar til sin rett; stolheisen! Eg var ikkje eingong klar over at det fanst noko slikt, men ser at den er eit fantastisk og naudsynt hjelpemiddel.
Medan dei tilsette hadde seg ein prat kring vaktskifte, sette eg meg ned saman med den eine av bebuarane som ikkje trengde kvile og prata om vêret, familie og arbeidsliv. Då vi var ferdige, kunne vi byrje på nytt – ein går aldri tom for noko å prate om med demente!
Takk til avdelingsleiar Sølvi og sjukepleiar Lise for ein lærerik og sjelsetjande dag!