måndag 22. oktober 2012

Nok midlar til å løyse oppgåvene, og kommunesamanslåingar, takk!

I snart to Stortingsperiodar har regjeringa hevda at dei satsar på kommunane, og at dei økonomiske tilbakeføringane har auka kraftig. Det har regjeringa berre delvis rett i. Korrigert for reelle kostnader ved overføringar av oppgåver og ansvar, lønsvekst, prisauke, pensjonsforpliktingar og demografikostnader, er veksten relativt beskjeden, om ikkje negativ.

Møre og Romsdal Venstre er for meir makt til kommunane, og finn å ville peike på den massive omfordelinga av ansvar og arbeidsoppgåver frå stat til kommune som noko grunnleggande positivt. Det oppstår likevel eit problem når finansieringa av omfordelinga ikkje held følgje med dei auka utgiftene kommunane får som ei følgje av dette, med samhandlingsreforma og ansvaret for dei private barnehagane som to eksempel.

Kommunane må løyse dette dilemmaet med å hente midlar frå andre, allereie hardt prøvde sektorar. I tillegg blir sjølvsagt også små kommunar, til dels med færre enn 2000 innbyggarar, forventa å skulle levere same kvalitet på tenestene som kommunar med det tidoble folketalet. Det kan ikkje gå, noko vanskane innan barnevernet i små kommunar illustrerer, og er nok eit uheldig utslag av ansvarsoverføringa. Vi blir på dette viset vitne til ei utarming av kommunane, både fagleg, materielt og økonomisk.

Utviklinga med ansvarsoverføring frå stat til kommune vil halde fram. Møre og Romsdal Venstre meiner ei løysing på det veksande kommunale armodet i kjølvatnet av denne utviklinga, vil vere større og meir robuste
kommunar, og auka grad av samarbeid for dei som ikkje er klare til å ta eit så stort steg. Så langt finst ingen formell stimulans, anna enn pisken reduserte rammevilkår representerer. Då blir denne prosessen, meir eller mindre, ståande stille. Med ein rausare auke i tilbakeføringar til kommunarsom går inn i slike prosessar, prosjektstøtte, med meir, vil etableringa av større og meir robuste einingar skyte fart. Dette vil føre til betra økonomi ute i kommunane, betra kvalitet på tenestene og attraktive arbeidsplassar i kommunal sektor. Dette er distriktspolitikk i praksis, og det motsette av utarming!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar