Når ein les dagens Møre, så er det nesten slik at ein ikkje kan vite om ein skal le eller grine!
1. LL freistar igjen å framstå som redningsmann for eldre (no også yngre) som ynskjer bustadar på noko av den beste dyrkamarka vi har i Volda. Eg trur han er ute etter å få avkastning på investeringa si.
2. Krf, med Arild Iversen som talsmann (eller var det som varaordførar han uttalar seg?) sannar etter, og uttalar at dette er "etter Krf sitt syn". Meiner han då Krf som parti, eller Volda Krf som ei sekt for seg sjølv, lausrive frå eit sentralt punkt i partiet sitt program og, for dei, uttalt nasjonalt mål?
Sjekk denne lenkja, og le eller grin:
http://www.nationen.no/2010/06/16/landbruk/mat/jordbruksoppgjoret/6009996/
Litt snålt då, kanskje, at ein i Volda har ein varaordførar/ordførarkandidat som ser på fylket som sjølve problemet (ristar på hovudet og flirer - hohoho!)....
3. Er det fleire enn meg som reagerer på manglande kritiske spørsmål til dei to herrane, og det frå sjølvaste redaktøren i avisa! Dette blir då berre trallala, og ukritisk pjatt - ærleg tala! Eller er det svar journalisten/redaktøren ventar på? At det kjem ein reaksjon frå meg, kan alle rekne med :-)