Den siste praksisdagen min i pleie- og omsorgsavdelinga hadde eg i tredje etasje, på Ottastova. Dette er eit tilbod der ein ikkje lengre snakkar om brukarar, men pasientar. Det vil då seie menneske med, til dels, store pleiebehov av ulik art.
Åse var min mentor denne dagen, og fekk meg i arbeid med dagens gjeremål etter ein rask peptalk. Så bar det inn i stellet av pasientar, og her varierer oppgåvene frå grunnleggande kroppsvask til komplisert og tidkrevjande sårstell, så her var det berre å stålsetje seg og skride til verket.
Eg må seie: eg er imponert over kor raskt og profesjonelt medarbeidarane får utført oppgåvene! Her sit kvart handgrep. Her er det ingen som surrar rundt og lurer på kva dei no skal ta seg til. Ikkje nok med det – det blir utført med omsorg og godprat (av og til litt bestemt) langsmed, men som det vart sagt: «vi skulle ynskje at vi hadde tid til å samtale med og aktivisere pasientane meir, men det har vi ikkje tid til». Det kunne eg sjå med sjølvsyn. Her rende dei att og fram for å kome rundt med stell, frukost, meir stell, middag, middagskvild, meir stell osv.
Avdelingsledar Finn gav meg ei rask innføring i utarbeiding av turnusar. Eg fekk kanskje med meg halvparten, men nok til å skjøne at dette ikkje er enkelt å sy saman, og sjølvsagt heng saman med kor mange tilsette ein har tilgjengeleg. Den største utfordringa ser ut til å vere å få helgane til å «gå opp». Lærerikt var det i alle fall!
Særleg takk til Åse for denne siste praksisdagen min i pleie- og omsorgsavdelinga!
Seinare i veka kjem eg til å publisere tankar eg har gjort meg opp, på generelt grunnlag, om praksisveka mi i pleie- og omsorgsavdelinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar